Vest-Telemark Næringsforum - Samarbeid og styrke for privat næringsliv i Vest-Telemark

2009-11-04 14:46:18

Næringslivsfiendtleg skulepolitikk frå Telemark Fylkeskommune

 

 

Fylkesrådmannen har i si innstilling til budsjett for 2010 innstilt på å leggje ned realfagstilbodet i Vg2 og Vg3 ved Vest-Telemark Vidaregåande skule (VT VGS).

 

Forslaget skal etter beregkninga gje ei innsparing på 300.000 kroner pr år. Det vert gjort eit poeng av at kostnaden pr studieplass er høgare ved VT VGS enn i Skien. Det burde ikkje vere overraskande for nokon at elevgrunnlaget i Vest-Telemark er lågare enn i Grenland.  

 

Fylkesrådmannen meiner det er greit å fjerne dette tilbodet. Ein vil vidareføre eit vg2 og vg3 tilbod innan sammfunnsfag, økonomi og språk. Dersom elevar ønskjer studiespesialisering innan realfag hevdar Fylkesrådmannen ein kan løyse dette ved å søke seg til andre skular i inntaksområdet, dvs. Bø eller Rjukan.

 

Ei fjerning av realfagstilbodet ved Dalen er dramatisk for næringslivet i regionen.

 

Realfagslinja ved VT VGS har gjennom mange år haldt eit høgt fagleg nivå, og har vore grunnlaget for å rekruttere viktig og høgt kvalifisert arbeidskraft til bedrifter i regionen. Mange høgare utdanningsinstitusjonar som gir aktuell utdanning for næringslivet i regionen, krev realfag for inntak.

 

Det er uakseptabelt at ungdom i regionen ikkje kan få tilbod om slik vidaregåande opplæring med mindre ein flyttar på hybel. Næringslivet er redd for at langt færre ungdom frå regionen vil velge realfag dersom tilbodet lokalt fell bort. På lengre sikt vil nedlegging medføre at færre med tilknyting til regionen flyttar heim og fyller viktige stillingar i næringslivet.

 

Næringslivet i Vest-Telemark vil oppfordre Fylkeskommunen til å endre syn i denne saka, og gå mot Fylkesrådmannen si innstilling ved handsaming av budsjettet for 2010.

 

 

 

Pressekonferanse - opprop

 

 

For å markere alvoret i saka kallar næringslivet inn til pressekonferanse fredag 6. november,
i Scana Mar-El sine lokaler på Dalen. Vest-Telemark Næringsforum vil saman med viktige bedrifter frå nærområdet markere at dette er ei alvorleg sak.
Vi vil nytte pressekonferansen til å utdjupe dette synet.

 

 

Stad: Scana Mar-El, Dalen. (rett ved sidan av kommunehuset)
Kl 10.00, fredag 6. november 09

 

 

For kontakt:

 

Olav A. Veum

Dagleg leiar: Vest-Telemark Næringsforum

Tlf: 90138998/35042400, e-post: olav@vtnf.no



 

        Vest-Telemark Næringsforum  Bankbygget  3870 Fyresdal  Telefon +47 35 04 24 00  Mobil +47 90 13 89 98  E-post olav@vtnf.no  Orgnr: 990 242 674
Utforming: kandesign