2009-10-13 11:51:24
Statsbudsjetett 2010 - verknader for Vest-Telemark
Regjeringa Stoltenberg la i dag fram sitt forslag til statsbudsjett for 2010. Vi konstaterar ein vekst innan viktige område som samferdsel, kommuneøkonomi og næringsretta tiltak. Auke i offentlege utgifter skapar imedan frykt for auke i kronekurs og slik sett ei svekking av konkurransekrafta til eksportretta industri. Totalt skal ein bruke heile 44 mrd meir oljepengar enn det handlingsregelen tilseier.
Løyvingane til vegformål aukar men vil imedan ikkje fange opp etterslepet på riks og fylkesvegnettet i Telemark. Av store prosjekt er det prosjekta knytt til E 18 gjennom Telemark som har fått prioritet i dette budsjettet.
Samferdsel
Regjeringa aukar løyvingane til vegformål. Til vegformål er det i alt foreslått 14,1 mrd. kr. Forslaget inneber ein auke på om lag 2,6 mrd. kr eller 23,1 pst. Dette gjev ei oppfylling av ambisjonane i Nasjonal Transportplan på 90 %.
For Telemark er dei store prosjekta på E 18 inne med oppstart i 2010 (Sky - Langangen). Det er imedan ikkje lagt inn pengar for strekninga Langangen – Dørdal. Det er løyvd planleggingsmidlar til jernbaneprosjektet Eidangerparsellen.
Prosjektet Århus Gvammen (som ligg inne i Nasjonal Transportplan for 2010 – 2013) har ikkje fått løyving i 2010, men er heller ikkje venta starta opp før lenger ut i perioden mot 2013.
Rammene til øvrig riksvegar, som skal overførast til Fylkeskommunen frå nyttår, har fått ei auke i ramma på ca. 1 mrd på landsbasis (over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet). For Telemark vil dette innebere ein vekst på ca 50 mill (estimat ut frå Telemarks del på ca 5 % av samla vegløyvingar). Dette er ikkje nok til å stoppe nedbryting av vegnettet som er estimera til ca 2,2 mrd for eksisterande og nytt fylkesvegnett. Løyvinga vil imedan truleg oppretthalde takten i dekelegging (ny asfalt), slik at vi også i åra framover vil sjå ein brukbar aktivitet på dette i Vest-Telemark.
Noko av den auka ramma vil bli slukt av kostnadsauken i dei såkalla funksjonskontraktene. Dette er kostnader knytt til vedlikehald, brøyting etc.
Fraktutjevningstilskotet for drivstoff vert foreslått gjeninnført med ei ramme på totalt 20 mill. Dette kan skape grunnlag for noko lågare drivstoffprisar i Vest-Telemark.
Næringspolitikk
Rammene til marknadsføring av Norge som reiselivsdestinasjon skal aukast med 13 mill.
Ein styrkar også ramma til Innovasjon Norge, slik at budsjettramma for IN er 260 mill til reiselivsformål i 2010.
Den generelle ramma til Innovasjon Norge vert også kraftig styrka. Etaten får ei samla ramme i 2010 på 1,5 mrd kroner. Dette er ein vekst på heile 26 %. Mellom anna vert etablerarstipendordniga styrkt med 50 mill.
I tillegg blir også låneordningane gjennom Innovasjon Norge styrkt. Ramma for lågrisikolån skal aukast med 1 mrd til 2,5 mrd. Dette vil kunne gjere det enklare for verksemder å finansiere nye prosjekt.
Kommuneøkonomi
Kommunane får ei auke i sine rammer på 8 mrd, herav ai auke i frie inntekter på 4,2 mrd. Dette skal dels dekke ein estimert kostnadsvekst på 3,1 %, men vi skape rom for investeringar og auke i tenestetilbodet.
Sjå samla effektar for Telemark på Finansdepartementet sine sider her