Vest-Telemark Næringsforum - Samarbeid og styrke for privat næringsliv i Vest-Telemark

2009-10-12 12:39:54

Con MOto

BI

 

 

 

 

Forretningsutvikling og leiarutvikling - kurstilbod

Vest-Telemark Næringsforum har ei stund jobba med å få til eit lokalt tilpassa leiarutviklingsopplegg for verksemdene i Vest-Telemark.

 

Vi er difor godt nøgd med nå å kunne gå ut med to ulike tilbod som er ”skreddarsydd” for verksemdene i Vest-Telemark. I omtala under vil vi gje ei kort omtale av dei enkelte kursa.
I vedlegga etter finn de noko meir detaljert beskriving.

 

Det er ikkje fastsett tidspunkt for kursa. Det primære nå er å avklare om det er grunnlag for å arrangere dette, det vil sei om vi klarar å få god nok deltaking. Vi ber om ei tilbakemelding om dette er interessant innan 22. oktober.

 

 

 

Opplegg 1: Leiing – samspill og resultat

 

Opplegg 1 er eit fokusert leiarkurs tilpassa verksemder i Vest-Telemark. Kurshaldar er ConMoto, representert ved mellom anna Elisabeth Dehn Jordbakke, som hadde ein del av motivasjonsforedraget på årsmøtet i VTNF i år.

 

Kurset ”Leiing – Samspill og resultat” går over to dagar, med oppstart ved lunch dag ein, og heile dag to. Kurset er delt i 5 bolkar:

 

I: Kva er leiing i dagens verksemder

II: Visjon- og strategiarbeid

III: Gruppearbeid og erfaringsutveksling

IV: Team og samspill – ulike roller i eige leiarteam

V: Omdømme og bedriftskultur.

 

Målet med dette kurset er å gje deltakarane ei bevisstgjering kring sin framtidige strategi og forankre sine mål. Kurset passar godt for leiarar, men gjerne også saman med ein eller fleire nøkkelpersonar frå verksemda. For verksemder som ønskjer eit utvida opplegg etter denne runden vil Con Moto kunne leggje til rette for dette gjennom tilpassa kurs eller fleire fellesmodular der ein kan få høve til å gå meir i djubda.

 

Pris: Avhengig av deltakartal, men i utgangspunktet ca 4.000 kroner inkl lunch. Kostnader ved ev. overnatting og middag kjem i tillegg. Minimum deltakartal er 12, blir vi fleir enn 15 vil prisen bli redusert.

 

Tidspunkt er ikkje avklart, men vi prøvar å arrangere dette i løpet av 2009 dersom interessa er til stades.

 

Meir info, sjå vedlegg. Heimeside Con Moto: www.conmoto.no


  

 

Sjå omtale av kurset her

 

  

 

 

 

Opplegg 2 : Forretningsutvikling – med fokus på strategi og økonomi.

 

 

Dette tilbodet er delt inn i 2 modular, der ein kan velje om ein vil delta på ein eller begge. Målet er å gje deltakarane eit betre grunnlag for å tenke utvikling av si eiga verksemd. Ein får ei praktisk tilnærming til ein del ”verktøy” som kan betre forståinga av samanhengane mellom drift, produksjon, marknad, økonomi, strategi og ledelse. Ein vil også leggje vekt på praktisk rekneskapsforståelse og økonomistyring.

 

Kurset blir arrangert av Handelshøgskulen BI.

 

Modul 1. Strategi, innovasjon og forretningsutvikling
Grunnleggande innføring i omgrepet forretningsutvikling, der deltakarane blir bevisst

sammenhengen mellom drift, produksjon, utvikling, marknad, økonomi, personal, strategi

og ledelse. Forståing av kva strategi og strategisk analyse er, og korleis planlegging, innovasjon, nyskaping, produktutvikling og organisering blir ein konsekvens av strategiske val.

 

Modul 1 går over 2 dagar. Pris: ca 5.700 inkl kursmateriell og lunch begge dagar.
(Deltakaren må sjølv dekke kostnader ved ev. overnatting og middag)

 

Modul 2. Praktisk rekneskapsforståelse og økonomistyring

Tema er rekneskapsforståelse, budsjettering, kalkulasjon og prissetting, finansiering og

investering og korleis bruke dette aktivt i økonomistyring av verksemda.

Korleis bruke rekneskapet i samband med oppkjøp og sammenslåingar.

 

Modul 2 går over 3 dagar. Pris: 9.000 inkl. kursmateriell og lunch alle tre dagar.

(Deltakaren må sjølv dekke kostnader ved ev. overnatting og middag).

 

Også her må vi ta atterhald om deltakartal.

 

 

Sjå omtale av kurset her

 

 

Nytt dette høvet til å auke kompetansen innan svært viktige tema.

 

Om du/dykk er interessert i eit eller begge opplegga, gje beskjed til:

  

Olav A. Veum

Vest-Telemark Næringsforum

 

olav@vtnf.no

 

eller pr telefon: 35042400 / 90138998

 

 

Svarfrist: 22. oktober 2009.

 

 

 

 

 

 



 

        Vest-Telemark Næringsforum  Bankbygget  3870 Fyresdal  Telefon +47 35 04 24 00  Mobil +47 90 13 89 98  E-post olav@vtnf.no  Orgnr: 990 242 674
Utforming: kandesign