Vest-Telemark Næringsforum - Samarbeid og styrke for privat næringsliv i Vest-Telemark

2009-10-02 09:57:12

Haldbare Telemark - Høyring kring fylkeskommunens regionale planstrategi

Vest-Telemark Næringsforum har nett sendt over si høyringsuttale til Fylkeskommunens regionale planstrategi - Haldbare Telemark.

 

Fra årsskiftet 2010 overtat Fylkeskommunen ei rekkje nye oppgåver frå Staten, mellom anna ansvaret for riksvegnettet utanom stamvegane.

 

Mange av sakene ein no skal jobbe vidare med er av betydning for nærinsglivet. VTNF har difor vore opptatt av å få fram næringslivets syn i dette arbeidet, samt få fram saker som er viktige for Vest-Telemark som region.

 

Generelt er VTNF kritisk til at ein i liten grad tar omsyn til at Telemark er forskjellig. Det er heilt sentralt at strategiane blir tilpassa dei utfordringane vi har i kvar enkelt region.

 

Når Fylkeskommunen no i større grad overtar ansvaret for ei samla utvikling i fylket, er det også naudsynt at ein tar med seg næringslivet, på råd.

 

Av meir konkrete saker stiller VTNF i sitt høyringssvar spørsmål ved fylkets satsing på å utvikle høgskulen til å få universitetsstatus. VTNF er redd dette vil ta svært stor del av dei samla utviklingsmidlane i fylket, og samstundes kunne utfordre den høgskulestrukturen vi har i fylket per i dag.

 

Når det gjeld samferdsel pekiar vi på behovet for å leggje til rette for sikker og effektiv transport av både menneske og gods innad i Vest-Telemark og ut av regionen. For mange verksemder er eit godt vegnett ut av regionen viktig for frakt av varer og tenester. For å utvikle Vest-Telemark som ein attraktiv buplass og arbeidsmarknad er det også svært viktig at vi har eit godt vegnett mellom kommunar og bygdelag. I Vest-Telemark må bilen vere det viktigaste framkomstmiddelet også i framtida.

 

Sjå heile uttala her



 

        Vest-Telemark Næringsforum  Bankbygget  3870 Fyresdal  Telefon +47 35 04 24 00  Mobil +47 90 13 89 98  E-post olav@vtnf.no  Orgnr: 990 242 674
Utforming: kandesign