Vest-Telemark Næringsforum - Samarbeid og styrke for privat næringsliv i Vest-Telemark

2009-08-26 08:04:56

Velukka valmøte på Granvin i Seljord

Liten vilje til større grep innan kommunestrukturen og full semje kring måla i nasjonal transportplan

 

Vest-Telemark Næringsforum saman med NHO Telemark Skipa til folkemøte kring valet i Seljord i går 25. august. Nær 70 frammøtte tilhøyrerar fekk god innsikt i kva dei ulike partia står for framfor valet 14. september.

Alle partia med stortingsliste møtte, Olav Sem frå Heddal var ordstyrar.

 

I debatten kring kommunestruktur kom det klart fram at ingen av politikerane vil bruke rein tvang i spørsmålet om kommunestruktur. Ein ønskjer at dette i størst mogleg grad skal kome i form av frivillige prosessar, samstundes som ein må gje stimuli til slike prosessar.

 

På tema Samferdsel ser ein klare skillelinjer mellom partia. Medan partia som ligg lengst til venstre i politikken vil ha større satsing på tog, gjekk FrPs Bård Hokksrud langt i framstille øsnkje om ein høgfartsbane som ei avsporing. Berre i Telemark er etterslepet på riks- og fylkesvegar berekna til 2,2 milliardar kroner. Før ein kan løyve 300 mrd til høgfartsbanar må ein i det minste få retta opp forfallet meiner FrP.

 

På direkte spørsmål om partia vil sikre at Nasjonal Transportplan blir oppfylt gjennom løyvingar i statsbudsjettet, var alle partia tydelege på at dei minimum ville går for dette ambisjonsnivået. Dette inneber at ein med rimeleg stor tryggleik kan forvente at prosjekt som Århus - Gvammen blir realisert slik det er planlagt.

 

 



 

        Vest-Telemark Næringsforum  Bankbygget  3870 Fyresdal  Telefon +47 35 04 24 00  Mobil +47 90 13 89 98  E-post olav@vtnf.no  Orgnr: 990 242 674
Utforming: kandesign