2009-08-21 13:26:02
Haldbare Telemark
Telemark Fylkeskommune har lagt fra forslag til strategi for Telemark i åra framover. Frå årsskiftet 2010 overtek fylkeskommunen ei rekkje nye oppgåver, mellom anna ansvar for heile riksvegnettet utanom stamvegane.
Vest-Telemark Næringsforum er opptatt av at strategien vert til gode for heile fylket, og at ein evnar å fange opp problemstillingar som er viktige for heile fylket.
Styret i VTNF vil avgje høyringssvar på denne saka, der fristen er 1. oktober. I kombinasjon med dette og ny rullering av Strategisk næringsplan for Vest-Telemark vil VTNF ta initiativ til at næringslivet skal få informasjon og engasjere seg i saka.
Forslag til strategi finn du her