2009-07-10 13:07:18
Styret i Vest-Telemark Nærinsgforum vil be om møte med Politimesteren i Telemark for å fremje næringslivets behov i Vest-Telemark
I styremøtet 17. juni vart styret i Vest-Telemark næringsforum samde om å be om eit møte med politimeisteren i Telemark for å uttrykke ei bekymring for framtidig politistruktur i Vestfylket.
Ein er den siste tida blitt kjend med nye forslag til struktur for lennsmannskontor og vaktordning i Vest-Telemark. For næringslivet er det bekymringsfullt dersom ein ikkje har ei god vaktteneste som kan sikre respons og kvalitet i Vets-Telemark til ei kvar tid. Dette er viktig for å sikre verdiar i alle verksemder, og ikkje minst viktig i høve til reiselivsnæringa. Saka er eit døme på behovet for betre regionalt samarbeid.
VTNF ønskjer å markere at Næringslivet er opptatt av denne saka. På bakgrunn av forlsag til utvikling vil vi be om eit møte ang. saka med politistyresmaktene i fylket, samt fremme ei uttale om dette til Vest-Telemark Rådet.
Ein vil ta initiativ til eit møte rett over feiren.