Vest-Telemark Næringsforum - Samarbeid og styrke for privat næringsliv i Vest-Telemark

2010-06-11 13:29:23

Vest-Telemark Næringsbygg vil bruke delar av kapitalen som eigenkapitalinstrument

 

Tysdag 10. juni vedtok generalforsamlinga i Vest-Telemark Næringsbygg å bruke 15 millionar av sin eigenkapital som grunnlag for å etablere eit investeringsselskap for Vest-Telemark.

 

Dette er ein mogleg start på eit arbeid ein har jobba mykje med tidlegare. Eit forsøk for 2 år sidan med å få etablert eit såkornfond lukkast ikkje. Når VTN no har bestemt seg for å kunne nytte delar av sin kapital i eit investeringsselskap, kan det bidra til å blåse liv i desse planane.

 

VTNF meiner det er viktig vi får betre ordningar for risikovillig kapital i Vest-Telemark, og vil vere aktiv pådrivar for at initiativet frå VTN kan bli realisert.

 

Styreleiar i VTNF Gunnar Eilefstjønn, er også styremeldem i Vest-Telemark Næringsbygg.

 

Les heile saka i VTB her

 

 



 

        Vest-Telemark Næringsforum  Bankbygget  3870 Fyresdal  Telefon +47 35 04 24 00  Mobil +47 90 13 89 98  E-post olav@vtnf.no  Orgnr: 990 242 674
Utforming: kandesign