2010-06-10 14:01:37
Næringslivets transportar - faktabygging for betre vegar i Vest-Telemark
(Bilete frå Vrådalsstranda, merk ryggelysa på gul trailer...)
Strategisk arbeid mot ny Nasjonal transportplan - synleggjering av reelt transportarbeid i Telemark.
Gjeldande nasjonal transportplan har virketid i perioden 2010 - 2014. Arbeidet med den neste som skal virke frå 2014 er allereie i full gang. 2010 er utredningsåret, og mykje av premissane for prioritering av satsingsområde leggast dette året. NTP vil legge premissar for utvikling på riksvegnettet, jernbanenettet, luftfart og sjøfart. For vegdelen inneber dette føringar for E 134, Rv 36, Rv 41 og E 18.
Det øvrige vegnettet i Telemark - fylkesvegane - er regulert etter ein handlingsplan som vart offentleggjort i januar 2010. I denne er det gjort ei tredeling av vegnettet ut frå kor viktige vegane er, som igjen legg premissar for prioritering. Forslag til ny strategi skal vedtakast er no på høyring og skal vedtakast av Fylkestinget 21. juni 2010
I arbeidet med å påvirke prioriteringar og synleggjere betydninga av vegnettet i vår region, er det viktig med fakta. Vi opplever ofte at ein baserar utgreiing og prioriteringar på normera overordna målemetodar. ÅDT, årsdøgnmiddeltrafikk, indikerar kor mykje ein veg blir bruka. ÅDT vert oppgitt strekningsvis.
Både i argumentasjonen for riksvegnettet samt ved spørsmål om prioriteringar knytt til fylkesvegnettet, opplever ein ofte at faktagrunnlaget ikkje er godt nok. Faktiske godsmengder frå ulike bedrifter, pendlarmønster i og ut av regionen, periodisert turisttrafikk, interregionale godsmengder etc. kjem ikkje godt til uttrykk i normerte overordna målemetodar. For næringslivet er særleg transportarbeid uttrykt ved tonnkilometer (godstonn per køyrde kilometer) ein vesentleg faktor for konkurranseevna. Frå næringslivet si side meiner vi det er vesentleg at ein får fram fakta kring det faktiske transportarbeidet som blir gjort i regionen. Vi er overtydd om at det ville sette behovet for investeringar i infrastrukturen i eit anna lys enn ved dagens vurdering av ÅDT saman med folketal.
Næringslivets transportar - konkret faktabygging gjev grunnlag for betre vegar i Vest-Telemark
For å skape betre fakta- og argumentasjonsgrunnlag foreslår VTNF at ein organiserar og søker finansiert eit prosjekt med formål å bygge opp ein oversikt over faktisk transportarbeid i tilknytning til Vest-Telemark. Arbeidet bør sjåast i samanheng med regionens behov for faktamateriale. Ein bør vidare sjå arbeidet i samanheng med transportmønster i andre delar av fylket og tilgrensande regionar.
VTNF la fram ei skisse for eit slikt prosjekt for VT Rådet 2. juni. Skissa fekk tilslutning og VTNF jobbar nå vidare med å avklare rammene for prosjektet samt sikre finansiering.
Når vi kjem i gang med det faktikse arbeidet vil VTNF ta kontakt direkte med ein del verksemder for å kartleggje faktisk transportarbeid, samt få fram kor "skoen trykker" i forhold til ei oppgradering av vegnettet.
Om vi lukkast kan Vest-Telemark og Telemark ha eit betre grunnlag for sine argument når politikerar og styresmakter skal legge nye føringar for veginveseringar dei nærmaste åra.
Har du spørsmål eller innspill, ta gjerne kontakt med Olav: mail: olav@vtnf.no