Vest-Telemark Næringsforum - Samarbeid og styrke for privat næringsliv i Vest-Telemark

2010-04-14 08:54:18

Fylkesvegplan for Telemark 2011-2019 - Kva skal prioriterast på vegnettet i Telemark

 

 

Vest-Telemark Næringsforum

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Telemark Fylkeskommune har no lagt ut plan for fylkesvegane til høyring. Dokumentet trekker opp linenen for kva som skal prioriterast på Fylkesvegnettet dei neste 8 - 10 åra.

 

Etter at Fylkeskommunen overtok ansvaret for riksvegnettet, og dette vart omklasifisert til Fylkesvegar, representerar det vi i dag kallar fylkesvegnettet ein særs stor del av vegnettet i Fylket. Alle vegar utanom Stamvegane (Rv 36, Rv 41, E 134 og E 18), er omfatta av det nye omgrepet. Det betyr at når ein no legg føringar for fylkesvegnettet dei neste 8 åra vil dette påvirke alle som er opptatt av vegar i Telemark.

 

Høyringsutkastet følgjer vedlagt denne nyhetssaka, og vil vere utgangspunkt for høyringsuttala til Vest-Telemark Næringsforum.

 

Generelt meiner VTNF at ein må stoppe vidare nedbryting av fylkesvegane i Telemark, og starte arbeidet med å ta att etterslepet (som er kostnadsrekna til 2,2 milliarder kroner !!) på dei viktigaste vegane i regionen der næringslivet er avhengige av effektive transportar. Det er i dag ei rekkje vegar som aukar kostnadane for næringslivet i regionen, og som hindrar effektive tranportar. Dette er med på å auke avstandsulempa verksemdene i Vest-Telemark har i utgangspunktet.

 

Vest-Telemark Næringsforum meiner vidare at følgjande må leggast til grunn ved prioritering av vegstrekningar:

 

- Vegnetttet funksjon for næringslivets transportar - gods

- Vegnettets funksjon for næringslivets transportar - reiseliv

- Vegnetttets funksjon som bindeledd for menneske og arbeidskraft mellom bygdesentra i Vest-Telemark.

 

VTNF vil i tida fram til 23. april vurdere høyringsforslaget, og ber om innspill frå medlemmer som måtte ha konkrete syn i saka.

 

Forslag til handlingsprogram kan du lese HER.

 

 

 

 

/p>



 

        Vest-Telemark Næringsforum  Bankbygget  3870 Fyresdal  Telefon +47 35 04 24 00  Mobil +47 90 13 89 98  E-post olav@vtnf.no  Orgnr: 990 242 674
Utforming: kandesign