2010-03-29 13:49:47
Telejobb. no - marknadsføringsportal for arbeidsmarknaden i Vest-telemark
I samband med rekrutteringsprosjektet er VTNF no i full gang med å gjere bedriftsregistreringar til portalen www.telejobb.no. Dette er eiside for marknadsføring av den samla arbeidsmarknaden i Vest-Telemark, og skal bidra til å fremje heile Vest-Telemark som ein felles bu- og arbeidsmarknad.
Portalen er etablert og skal lanserast offentleg i samband med Vest-Telemark Treffet 29. april 2010. Ved oppstart vil telejobb presentere ein stad mellom 20 - 50 arbeidsgiverar, der ein ved hjelp av eit søkeverktøy kan få fram aktuelle arbeidsgjeverar i heile Vest-Telemark innan ulike kompetansefelt. Sida vil ha generell informasjon om Vest-Telemark som arbeidmarknad, og få fram at regionen fungerar som ein felles marknad i høve til reiseavstand etc. Sida vil også presentere dei til ei kvar tid ledige jobbane i regionen gjennomsøk-samarbeid med NAV.
I perioden fram til Vest-Telemark Treffet 29. april vil vi gjennomføre berdiftsregistreringar av aktuelle arbeidsgiverar. Dette vil skje gjennom utsending av eit kontaktskjema der arbeidsgivar blir oppfordra til å legge inn enkle opplysninngar om verksemda si. Vi ønskjer å få inn både offentlege og private aktørar.
Kontaktskjema vil bli sendt ut pr mail, og ein kan også få dette ved å vende seg til olav@vtnf.no. Utfylling av skjema vil bli fulgt opp i tida fram mot VT Treff 29. april.