Vest-Telemark Næringsforum - Samarbeid og styrke for privat næringsliv i Vest-Telemark

2010-03-05 11:57:45

 

Årsmøte i Vest-Telemark Næringsforum 25. mars kl 18.

 

Vest-Telemark Næringsforum arrangerar sitt årsmøte 25. mars 2010. 

 

Tid kl 18.00, stad Quality Straand Hotel i Vrådal.

 

Vi vil kome nærare atende med sakliste for sjølve årsmøtet samt årsmelding og rekneskap. Tradisjonen tru vil ein også i år dele møtet i to; ein generell årsmøtedel med vanlege årsmøtesaker, og ein fagdel der vi inviterar til eit ope møte med fagleg innhald.

 

Årets temamøte startar kl 19, med følgjande tema:

 

Næringsutvikling i Vest-Telemark - ope dialogmøte

 

- Kva er viktig for ei vidare utvikling av Næringslivet i Vest-Telemark

 

 

Vest-Telemark 
Næringsforum

 

I samband med rullering av næringsplanen for Vest-Telemark ønskjer ein å involvere næringslivet i regionen. Kva meiner næringslivet sjølv er dei viktigaste områda i tida framover. Kor treng vi tiltak ? Kva skal ein prioritere i den vidare utviklinga ?

 

I møtet vil vi invitere alle som har meiningar og innspill til å kome med desse. Dette er eit godt høve til å påvirke næringsutviklinga i Vest-Telemark.

 

VTNF oppmodar flest mogleg til å delta i dette rådgivande møtet. Dette er næringslivets høve til å gje næringsarbeidet i regionen eit innhald som passar næringslivet.

 

Set av tida, og møt opp til ein inspirerande og viktig møteplass for utvikling av næringslivet i Vest-Telemark.

Nærare informasjon om opplegg kjem i løpet av nær framtid

 

 

 



 

        Vest-Telemark Næringsforum  Bankbygget  3870 Fyresdal  Telefon +47 35 04 24 00  Mobil +47 90 13 89 98  E-post olav@vtnf.no  Orgnr: 990 242 674
Utforming: kandesign