Vest-Telemark Næringsforum - Samarbeid og styrke for privat næringsliv i Vest-Telemark

2010-03-01 08:57:14

Nytt Vest-Telemark Treff på Smuget i Oslo - 29. april 2010

 

Vest-Telemark Næringsforum

 

 (Foto: Arild Hansen)

 

 

 

Langsiktig marknadsføring av Vest-Telemark som arbeidsmarknad og buplass

 

For tredje år på rad vil det bli arrangert Vest-Telemark Treff på Smuget i Oslo. Treffet arrangerast i eit samarbeid mellom prosjekta "Vi snur vinden - fleire folk til Vest-Telemark" og "Rekruttering av arbeidskraft". Arrangementet er støtta av Vest-Telemark Rådet. Finansering er omsøkt Fellesfondet i Vest-Telemark.

 

Som tidlegare år er Vest-Telemark Treffet eit høve for kommunar og verksemder i regionen til å vise kva vi har å by på for potenisele heimflytterar.

 

Utviklinga i arbeidsmarknaden i Vest-Telemark tilseier at vi har eit stort behov for rekruttering i åra framover. Ei rekkje verksemder og kommunar melder om at sin stor del av arbeidsstokken går ut i pensjon dei neste 5 - 10 åra. Samstundes ønskjer mange arbeidsgjeverar å tilsette folk frå regionen, då dette ofte er meir stabil arbeidskraft som blir ei stund.

 

Vest-Telemark Næringsforum har gjennom fleire år jobba med å synleggjere Vest-Telemark som ein feles bu og arbeidsmarknad. Vi meiner Vest-Telemark treffet er eit viktig tiltak i så måte, som vender seg til ei viktig gruppe for rekruttering.

 

Vi kjem attende med meir informasjon om arrangementet, men noter datoen:

 

Torsdag 29. april 2010 - kl 18 på Smuget i Oslo.

 

 

Verksemder som ønskjer å ta del i arrangementet med stand for å synleggjere si verksemd må gjerne ta kontakt no.

 

For kontakt:

 

Rekruteringsprosjektet: Mail: olav@vtnf.no, Telefon: 35042400

 

Bygdelivsmeklaren: elisabeth.lid@vest-telemark.no, Tlf: 35068400

 

 



 

        Vest-Telemark Næringsforum  Bankbygget  3870 Fyresdal  Telefon +47 35 04 24 00  Mobil +47 90 13 89 98  E-post olav@vtnf.no  Orgnr: 990 242 674
Utforming: kandesign