Vest-Telemark Næringsforum - Samarbeid og styrke for privat næringsliv i Vest-Telemark

2010-02-22 13:27:08

 

Mål om 130 medlemmar innan utgangen av 2010

 

Vest-Telemark Næringsforum

 

Ved oppstart i 2006 var det ca 35 verksemder som vart med i VTNF. Etter 3,5 års drift har talet på verksemder auka godt, og før nyttår var vi mellom 90 og 100 verksemder.

 

I slutten av januar gjekk vi ut med ein ny kampanje og utadretta verksemd for å auke medlemstalet i VTNF. For foreininga er det viktig at vi representerar ein størst mogleg del av næringslivet i regionen. Dette gjer foreininga tyngde og forhåpentlegvis større gjennomslag for næringslivet sine interesser, både på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå.

 

Målet for 2010 er å auke medlemstalet til 130. Dette er ambisiøst, men vi er på god veg. Etter 2 - 3 veker med kampanje har medlemstalet auka med over 10 nye verksemder. Dagleg leiar saman med styret i VTNF vil i tida framover mot årsmøtet 25. mars følgje opp og kontakte fleire verksemder for å marknadsføre foreininga.

 

VTNF sitt motto er samarbeid og styrkje for privat næringsliv i Vest-Telemark, noko vi håpar skal bli ein realitet gjennom eit stadig større og sterkare nettverk av private verksemder i regionen vår.

 

 

 



 

        Vest-Telemark Næringsforum  Bankbygget  3870 Fyresdal  Telefon +47 35 04 24 00  Mobil +47 90 13 89 98  E-post olav@vtnf.no  Orgnr: 990 242 674
Utforming: kandesign