2010-02-22 12:59:19
Store utfordringar for Telemark Fylkeskommune som ny vegiegar
(Ei interesert forsamling høyrer Ordførar Arne Vinje fortelle om Vinje kommune sine prioriteringar)
Torsdag 18. februar invitera Telemark Fylkeskommune representantar frå Næringslivet og kommunanen i Vest-Telemark til dialogmøte i Vrådal. Til stades var også heile regionsleiinga i Statens Vegvesen. Fylkeskommunen ønskjer gjennom 3 møter i Telemark å få fram syn og prioriteringar for fylkesvegnettet.
Stort etterslep
Frå 1. januar i år fekk Telemark Fylkeskommune ansvaret for alle riksvegar i Fylket som ikkje er stamvegar, Det betyr at Fylkeskommunen frå nyåret har ansvar for alle vegar utanom E 134, Rv 41, Rv 36 og E 18. For Vest-Telemark er det øvrige riksvegnettet, som no har blitt fylkesvegar, særs viktig.
I Vrådal vart kommunar og næringsliv utfordra til å meine noko om kva som må prioriterast i tida framover. Etterslepet på det samla fylkesvegnettet i Telemark er kostnadsrekna til 2,2 mrd kroner. Med dagens løyvingar vil ein ikkje vere i stand til å ta igjen dette.
I møtet vart ein samde om at forfallet i vegnette må stoppast og stabiliserast i heile regionen. Dette må gjelde alle vegane, både nye og eksisterande vegar. Vidare må ein prioritere utbetring og opprusting av fylkesvegar som har særlege viktige funksjonar for regionen. På spørsmål om kva som er viktig for regionen vart det får næringslivet si side lagt vekt på 3 forhold:
I sum var forsamlinga, som var representert med administrativ og politisk leiing frå kommunane, samt representantar frå VTNF og NHO, samde om å fremje klåre prioriteringar i tida framover.
Litt meir pengar - låneordning med rentekompenasasjon
Problemet med samferdselssatsinga i Telemark er som alle andre stader knappe resursar. Telemark Fylkeskommune har likevel fått høve til å auke si årlege rame med 83 millionar, gjennom ei låneordning der fylket for kompensert rentekostnader.
Løyvinga er ikkje stor nok til å dekkje behovet og ta igjen etterslepet, men ein vil kunne hindre vidare forfall og mogleg oppgradere noko av vegnettet.
Kontaktmøtet var samde om at ein må kjempe i forhold til sentrale styresmakter for at løyvingane skal aukast ytterlegare. Det er ikkje akseptabelt at eit land som Norge skal la sin vegkapital forringast slik ein har sett til no. Det er heller ikkje akseptabelt at Staten vidarefører eit stort etterslep til Fylkeskommunen utan at det følgjer med midlar som gjer det mogleg å rette opp situasjonen.
VTNF vil følgje opp denne saka vidare. Fylkeskommunen vil leggje fra ein plan for prioriteringar som etter planen skal vedtakast før sommarferien 2010.