Vest-Telemark Næringsforum - Samarbeid og styrke for privat næringsliv i Vest-Telemark

2010-02-11 12:34:54

25 Vest-Telar fekk obligatorisk opplæring  HMS

 

Vest-Telemark Næringsforum

 

 

11. november møttes 25 lederar frå ulike verksemder i Vest-Telemark til obligatorisk kurs i HMS for leierar. Kurset vart arrangert med bakgrunn i Arbeidsmiljølovens krav om slik kompetanse. I alle verksemder med tilsette skal leiaren ha ei grunnopplæring i prinsippa kring HMS. Ved å gjennomføre kurset fekk deltakerane naudsynt dokumentasjon for denne kompetansen.

 

Advokat Helene Naper frå NHO Telemark var kurshaldar. I korte trekk gjekk ho gjennom dei viktigaste område knytt til HMS. Kursdeltakerane fekk grunnopplæring i mellom anna Arbeidsmiljølova, ulike forskrifter, rutiner for oppfølging, praktisk HMS arbeid mm.

 

Deltakerane kunne konstatere at feltet er stort, omfattande og til dels komplisert. Samstundes la Naper vekt på at det viktigaste er å ha eit bevisst forhold til HMS. Det er viktigare med eit enkelt system ein har sett seg inn i enn kompliserte permar som samlar støv.

 

VTNF vil forsøke å arrangere fleire slike kurs. Dels er det mange i Vest-Telemark som framleis ikkje har denne lovpålagte kompetansen. I tillegg er HMS eit særs viktig tema som har betydning for viktige forhold som skader, sjukefråvær, trivsel og sjølvsagt indirekte verksemdas lønsemd.

 

Helene Naper avslutta med ein del praktiske tips for nettstader der ein kunne lære meir. Mellom anna er Arbeidstilsynet si nettside: www.arbeidstilsynet.no ei god side.

 

 



 

        Vest-Telemark Næringsforum  Bankbygget  3870 Fyresdal  Telefon +47 35 04 24 00  Mobil +47 90 13 89 98  E-post olav@vtnf.no  Orgnr: 990 242 674
Utforming: kandesign