Vest-Telemark Næringsforum - Samarbeid og styrke for privat næringsliv i Vest-Telemark

2010-02-11 12:32:57

God dialog med Telemarksbenken

 

Mandag 8. oktober arrangera VTNF kontaktmøte med Telemarksbenken på Stortinget. Til stades på møtet deltok styret i VTNF, stortingsrepresentantane Terje Lien Aasland, Sigvald Oppebøen Hansen, Gunn Olsen, Torbjørn Røe Isaksen og Bård Hoksrud, ordførerane frå Vest-Telemark samt to bankrepresentantar.

 

Møtet vart halde i Næringskomiteen sitt møterom, ein komite som Terje Lien Aasland leiar.

 

Delegasjonen frå Vest-Telemark hadde invitert seg til hovudstaden for å leggje fram ein del utfordringar ein meinte var viktige for Næringslivet i Vest-Telemark. Av dei viktigaste fokusområde kan ein nevne:

 

  • Samferdsel med fokus på økonomiske rammer for oppstart av viktige prosjekt i Vest-Telemark, bl.a. Århus - Gvammen
  • Kapitaltilgang
  • Næringsstruktur i Vest-Telemark og behov for forenkling
  • Ordningar knytt til Innovasjon Norge
  • Folketalsutvikling og behov for rekruttering til regionen.

Møtet resulterte i ein god dialog og fleire konkrete saker for oppfølging. Vest-Telemark synleggjer godt samarbeid mellom offentleg og privat sektor gjennom slike møte, noko ein vil bygge vidare på i det vidare næringspolitiske arbeidet.



 

        Vest-Telemark Næringsforum  Bankbygget  3870 Fyresdal  Telefon +47 35 04 24 00  Mobil +47 90 13 89 98  E-post olav@vtnf.no  Orgnr: 990 242 674
Utforming: kandesign