Vest-Telemark Næringsforum - Samarbeid og styrke for privat næringsliv i Vest-Telemark

2010-02-02 09:35:03

Obligatorisk HMS-kurs for leierar

 

Gratis tilbod til eksisterande og nye medlemmer i Vest-Telemark Næringsforum

 

 

Torsdag 11. februar arrangerar VTNF HMS-kurs for leierar på Morgedal Hotel, kl 11-15.

 

 Vest-Telemark Næringsforum

 

Kurset er obligatorisk for alle leierar av verksemder som har tilsette. Kurset gir ei grunnleggande innføring i ansvar, roller og lovverk knytt til HMS arbeid. Ved endt kurs vil ein få utdelt eit kursbevis som vil dokumentere at ein stettar det lovpålagte kravet om kompetanse.

 

VTNF tilbyr no dette kurset som eit gratis tilbod til sine medlemmer, eller verksemder som ønskjer å bli medlem. Vi har fått advokat Helene Naper, som jobbar i NHO Telemark, til å halde kurset. 

 

Dette er ein effektiv, lokal og rimeleg måte å få seg ein kompetanse som ein som arbeidsgivar er pålagt å ha. Nytt dette høvet, og meld deg på til olav@vtnf.no, ev ring på 35042400

 

NB: Påmelding innan tirsdag 9. februar

 

Det vert servera ein enkel lunch.

 

Om du kjenner andre verksemder som kunne vere interessert, tips dei gjerne. Vi har god kapasitet.

Interesserte som ikkje er medlem i VTNF kan gjere det på kursdagen.

 

 

 

 

 



 

        Vest-Telemark Næringsforum  Bankbygget  3870 Fyresdal  Telefon +47 35 04 24 00  Mobil +47 90 13 89 98  E-post olav@vtnf.no  Orgnr: 990 242 674
Utforming: kandesign