Vest-Telemark Næringsforum - Samarbeid og styrke for privat næringsliv i Vest-Telemark

2010-02-02 07:37:56

Samferdsel og næringspolitikk på dagsorden

 

 

 

Vest-Telemark Næringsforum

 

 

   

Mandag 8. februar møter representantar frå Vest-Telemark Telemarksbenken på Stortinget. Det er Vest-Telemark Næringsforum som har tatt initiativ til møtet for å sette viktige spørsmål for næringslivet på agendaen.

 

Ordførarane i Vest-Telemark erl også invitert til å delta på møtet som blir eit godt høve til å sette speiselle Vest-Telemark saker på dagsorden. VTNF er glad for god oppslutning blat viktige aktørar frå vår region, og ser fram til eit godt møte med Telemark sine stortingspolitikerar. 

 

Fokus for møtet blir i hovudsak to områder:

 

Samferdsel

 

Vest-Telemark var godt nøgd med Nasjonal Transportplan som vart vedteken i fjor. Vi er imedan opptatt av at denne faktisk vert følgd opp med løyvingar i statsbudsjetta som kjem løpande. Av dei største prosjekta er det viktig av Århus-Gvammen på E 134 får løyvingar i 2010/2011 slik at ein kan få konkret oppstart. VTNF vil også vere opptatt av at løyvingar til Fylkeskommunen blir gode nok nå som dei har overtatt ansvaret for det øvrige riksvegnettet i fylket. Som kjend overtok Fylkeskommunen dette ansvaret frå januar i år, men dei økonomiske rammene for ansvaret står på ingen måte i forhold til det etterslepet ein ser på vegnettet i fylket.

 

Næringspolitikk for Vest-Telemark

 

Næringsdrivande i Vest-Telemark har ein del utfordringar vi meiner sentrale styresmakter bør ha større fokus på. Under dette punktet vil vi fokusere på ulike ordningar som har stor betydning, og der gode distriktstilpassa ordningar er viktig.

 

Nokre sentrale punkt for diskusjon:

- Arbeidsmarknad/ rekruttering og attraksjon

- Kapitaltilgang og bruk av utviklingsmidlar

- Lovar og reguleringar som virkar hemmande - behovet for forenkling

 

 

Har du eller di verksemd syn på speiselle ting de meiner bør bringast fram for våre folkevalde, sei gjerne i frå.

Innspil kan sendast til olav@vtnf.no

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 



 

        Vest-Telemark Næringsforum  Bankbygget  3870 Fyresdal  Telefon +47 35 04 24 00  Mobil +47 90 13 89 98  E-post olav@vtnf.no  Orgnr: 990 242 674
Utforming: kandesign