2010-01-15 13:17:05
Frukost er dagens viktigaste måltid - no kan du kombinere ein matbit med relevant informasjon...:
Pensjonsreforma, endringar i opplegg for sjukeløn, AFP ordninga med meir.
Vest-Telemark Næringsforum har saman med NHO Telemark gleda av å invitere alle interesserte, medlemmer og ikkje medlemmer, til opne frukostmøter med relevante tema for alle næringsverksemder.
Vi arrangerar to parallelle møter:
Vinje kro og veigrill i Åmot, tysdag 26. januar
og
Quality Straand Hotel i Vrådal, torsdag 28. januar.
Begge møta startar kl 9.30 og varar i ca 2 timar. Vi startar med frukost, og vil gje relevnat informasjon om ulike tema i ei uformell ramme.
Følgjande program er sett opp for møta:
Kl 0930 Frokost
Kl 0940-0950 Velkommen, informasjon om VTNF
Kl 0950-1000 Dette er NHO
Kl 1000-1030 Pensjonsreformen og ny modell for AFP
Kl 1030-1040 Pause
Kl 1040-1115 Sjukeløn. Regelverk, tall og kva skjer?
Kl1115- Oppsummering, og informasjon om aktivitetar framover
Til stades for å informere treff du Nikolai Boye, regiondierktør i NHO Telemark, Helene Naper, jurist i NHO Telemark og Olav A. Veum, dagleg leiar i VTNF.
Møta er opne og alle er velkommen. Vi ønskjer også å nytte høvet til å gje ein kort informasjon om kva NHO og VTNF står for og kan tilby.
Av omsyn til frukostbestilling set vi pris på ei tilbakemelding om du kjem innan fredag 22. januar.
Send e-post til olav@vtnf.no, eller du kan ringe eller sende ein SMS til: 90138998.