Vest-Telemark Næringsforum - Samarbeid og styrke for privat næringsliv i Vest-Telemark

2010-01-11 13:50:02

Vest-Telemark Konferanse 2010:

 

Vest-Telemark Næringsforum

 

 

 

 

 

Nye arbeidsplassar i eksisterande bedrifter - utnyttar vi potensialet?

 

 

Årets utgåve av Vest-Telemark Konferansen går av stabelen 4. februar 2010. Dette er same dag som Jobb- og yrkesmessa ved Vest-Telemark Vidaregåande skule. Konferansen startar rett etter at messa er ferdig.

Tradisjonen tru er også årets konferanse lagt til Quality Straand Hotel i Vrådal.

 

Årets utgåve fokuserar på eit viktig tema for Næringslivet:

 

Bør ein rette større merksemd mot utvikling av eksisterande verksemder i forsøket på å skape ein attraktiv arbeidsmarknad i Vest-Telemark? Er det større potensiale i knoppskyting og samarbeid framfor reine nyetableringar ? Kan utvikling i eksisterande verksemder også vere innovasjon ?

 

Vest-Telemark Næringsforum har vore med i arbeidsgruppa for årets konferanse, og vil oppmode verksemdene i regionen til å delta og bidra med synspunkt på konferansen.

 

Av hovudinnleierar nevner vi Terje Lien Aasland, leiar av Næringskomiteen, Bård Stranheim leiar av IKT Grenland og Henrik Finsrud frå Arbeidsforskningsinstituttet.

 

Årets konferanse har også eit stort "trekkplaster" i den kjende motivatoren Ingebrigt Steen Jensen. Han skal snakke om korleis vi kan utvikle innovasjonskulturen i Vest-Telemark.

 

 

For meir informasjon og påmelding sjå nettsida: www.vtkonferansen.no

 

 

Du kan også sjå fullt program og praktisk informasjon her

 



 

        Vest-Telemark Næringsforum  Bankbygget  3870 Fyresdal  Telefon +47 35 04 24 00  Mobil +47 90 13 89 98  E-post olav@vtnf.no  Orgnr: 990 242 674
Utforming: kandesign