2009-12-09 14:43:15
Styremøte i VTNF
Vest-Telemark Næringsforum satsar på vidare vekst og auka aktivitetsnivå i 2010
Styret i VTNF hadde sitt årlege julemøte 7. desember på Dyrkuen i Seljord. Av tilsaman 10 saker, vedtok styret mellom anna budsjett og aktivitetsplan for 2010.
Ein konstaterar at 2009 har vore eit godt år for foreininga og budsjettgrunnlaget for 2010 skapar rom for vidare satsing og auka aktivitetsnivå.
Medlemskampanje
Per i dag har VTNF ca. 100 medlemmar. Det er klart grunnlag for å styrkje foreininga med fleire medlemsverksemder. Dess fleire verksemder foreininga representerar, dess større kraft har ein i samarbeidet mellom næringslivet i regionen.
Styret vil saman med dagleg leiar gjere ein ekstra innsats for å få med fleire verksemder. Styret oppmodar også andre medlemmer til å snakke med naboen og marknadsføre Vest-Telemark Næringsforum
I nær framtid vil det kome meir informasjon om kampanjen.
Aktivitetsplan for 2010
Styret diskutera ei rekkje aktivitetar og tiltak. Det ligg an til eit aktivt år med stor aktivitet med både møter og krus.
Under presenterar vi eit førebels utdrag av aktivitetsplanen. Nokre datoar er ennå ikkje spikra, men lista gir eit inntrykk av planlagt aktivitet. VTNF oppmodar medlemmene og andre til å kome med innspill på moglege aktivitetar.
Januar:
26. og 28 januar: Frukostmøter i samarbeid med NHO Telemark
Vinje Kro og Veigrill 26. januar, Vrådal 28. januar
Tema: Pensjon og sjukelønnsordning. Generell innfo om VTNF/NHO.
Februar:
4. februar: Jobb og Yrkesmesse/ Vest-Telemark Konferansen
8. februar: Styret møter Stortingsbenken frå Telemark i Oslo/ kontaktmøte med Ordførerane i Vest-Telemark
11. februar: Gratis HMS kurs for leiarar
Mars:
8. og 9. mars: Lederkurs – økonomi – BI – del 1
16. mars: Styrekompetansekurs del 1
25. Mars: Årsmøte Vest-Telemark Næringsforum, med motivasjon!!
April:
12. april: Lederkurs – økonomi del 2
20. april: Styrekompetansekurs del 2
Konstituerande styremøte (dato ikkje fastsett)
Mai:
Vest-Telemark Treff Oslo (detaljar ikkje avklart)
Juni:
Medlemsmøte/ kurs. Dato ikkje fastsett, veke 23 eller 24.
17. juni – Styremøte VTNF
September/oktober:
Ulike kurs i samarbeid med andre kurshalderar. Tema og dato avkalrast seinare ut frå pågang og behov. Moglege tema: Maskinførar, HMS, WEB-Utvikling etc.
Styremøte
November/desember:
Medlemsmøte/folkemøte – Fokus Samferdsel.
Styremøte - Budsjettmøte