Vest-Telemark Næringsforum - Samarbeid og styrke for privat næringsliv i Vest-Telemark

2009-12-09 14:20:06

NHO Konjunkturbarometer

 

Etterverknader av finanskrisa er framleis betydelege i Telemark

 

NHO Telemark sitt bedriftspanel har nyleg gjort ei vurdering av marknadsutsiktene med status no hausten 2009, og utsiktene framover i 2010.

 

Resultata viser at bare 2 av 10 vurderar marknadssituasjonen som god. Til samanlikning vurderte heile 7 av 10 at situasjonen var god for to år sidan.

 

Det kan virke som om verksemdene i Telemark har dårlegare utsikter enn snittet i landet forøvrig. Utsiktene er mest krevande for eksportretta verksemder. Nedgangen i olje- og shipping samtidig som krona styrkjer seg virkar i negativ retning.

 

Utskitete er likevel betre enn det ein såg for eit år sidan. 3 av 10 verksemder forventar at marknadsutviklinga skal forverre seg i 2010, medan 14 % forventar ei betring.

 

NHO sitt konjunkturbarometer inneheld svar frå tilsaman 89 verksemder frå Telemark, og 2233 på landsbasis.

 

Sjå heile omtala av saka på NHO sine heimesider her



 

        Vest-Telemark Næringsforum  Bankbygget  3870 Fyresdal  Telefon +47 35 04 24 00  Mobil +47 90 13 89 98  E-post olav@vtnf.no  Orgnr: 990 242 674
Utforming: kandesign