Vest-Telemark Næringsforum - Samarbeid og styrke for privat næringsliv i Vest-Telemark

2009-11-27 14:09:45

Jobb - og yrkesmessa 2010 - Torsdag 4. februar

 

Fokus på yrkes- og utdanningsmoglegheitar - eit utstillingsvindauge for lokalt næringsliv

 

 

 Vest-Telemark Næringsforum

 

 

For andre år på rad vert den tradisjonelle yrkesmessa ved Vest-Telemark Vidaregåande skule på Dalen utvida til å bli ei felles yrkes- og jobbmesse.

 

Det gode samarbeidet mellom VT VGS, Bygdelivsmeklaren og Rekrutteringsprosjektet v/ VTNF blir videreført. Messa som går av stabelen torsdag 4. februar 2010, vil i endå større grad fokusere på moglegheitane i arbeidsmarknaden i Vest-Telemark. Ein vil mellom anna doble temaforedrag med lokale verksemder, og auke marknadsføringa mot aktuelle arbeidstakerar og potensielle tilflytterar.

 

Messeavis i samarbeid med VTB

 

Nytt av året er at messeavisa blir laga i samarbeid med Vest-Telemark Blad. Som i fjor lagar ein til ei eiga messeavis med litt generell informasjon, presentasjon av utstillerar, program etc. I år vil denne bli distribuert til alle husstandar i heile Vest-Telemark, samt til VTB sine 1700 abbonentar utanfor regionen.

 

Messeavisa i seg sjølv vil bli eit godt høve til å syne fram verksemda si for poteniselle arbeidstakerar. Avisa vil også bli distribuert til alle skular i Vest-Telemarn, ei rekkje verksemder og andre potensielle tilflytterar som ikkje abonerar på VTB.

 

Annonseavdelinga i VTB vil om kort tid ta kontakt med aktuelle verksemder for annonsering.

 

 

Er di bedrift interessert i å ha stand på messa, eller på andre måtar interessert i arrangementet, ta kontakt med Olav A. Veum; olav@vtnf.no, Tel 35042400

 

VTNF.NO vil kome attende med meir informasjon om dette arrangementet.



 

        Vest-Telemark Næringsforum  Bankbygget  3870 Fyresdal  Telefon +47 35 04 24 00  Mobil +47 90 13 89 98  E-post olav@vtnf.no  Orgnr: 990 242 674
Utforming: kandesign