Vest-Telemark Næringsforum - Samarbeid og styrke for privat næringsliv i Vest-Telemark

2009-11-27 13:32:08

Viktig realfagstilbod blir mest sannysnleg oppretthaldt

 

Etter sterke reaksjonar frå mellom anna nærinsglivet i Vest-Telemark, representert ved VTNF, har no fylkeskommunens Hovudutval for kompetanse endra fylkesrådmannens innstilling. Utvalet handsama saka i sitt møte 24. nvember, og har innstilt på at tilbodet skal videreførast.

 

Dette er eit svært viktig steg på vegen til å sikre eit realfagstilbod for ungdom i Vest-Telemark. I VTNF sitt opprop la næringslivet stor vekt på at ei nedlegging vil truge rekruttering av viktig arbeidskraft i framtida.

 

Det er likevel framleis usikre sider ved denne saka. Ein har i handsaminga ikkje lagt endeleg plan for korleis denne endringa skal dekkast inn økonomisk. Dette blir fyrst avklart når Fylkestinget handsamar heile budsjetett på sitt møte 8. og 9. desember.

 

Det er imedan overvegande sannsynleg at realfagstilbodet ved VT VGS og elektrofaglinja ved Rjukan VGS vil bli oppretthaldt, noko som vi er svært godt nøgde med på vegne av næringslivet i Vest-Telemark.

 

Saka visar at det er viktig å mobilisere gode krefter og skape merksemd kring saker som er viktige for næringslivet.

 

For meir informasjon sjå Telemark Fylkeskommune sine sider www.telemark.no, og nyhetssaka "Fikk 6 millioner og noen klasser".

 

 

 



 

        Vest-Telemark Næringsforum  Bankbygget  3870 Fyresdal  Telefon +47 35 04 24 00  Mobil +47 90 13 89 98  E-post olav@vtnf.no  Orgnr: 990 242 674
Utforming: kandesign